Kleivi Næringspark

 

Kleivi næringspark er i dag eit område med fleire svært kreative og innovative bedrifter som har heile verda som marknad her dei er etablert midt i Sør–Norge. 
I næringsparken er tilsett dagleg leiar i 50% stilling. Det er elles eit styre på 5 personar oppnemnt av kommunestyra i Ål og Hol og bedriftene i Kleivi.
Reguleringsplanen som opna godt 200 dekar med nytt næringsareal i området er vedteken i mai 2008.
I 2011 er det lagt ny infrastruktur for fjernvarme, avlaup, vassforsyning, gatelys osv. 

Hallingdal Renovasjon IKS sitt forbrenningsanlegg for søppel, leverer fjernvarme og er ein avgjerande viktig leverandør av rimeleg energi til produksjon og oppvarming
for bedriftene i Kleivi Næringspark.
På området ligg E-CO Vannkraft sin hovudtrafo for straum til Hallingdalsregionen og syter for sikker straumleveranse med den effekt di bedrift har behov for. 

Det er rikeleg med ledige tomter for nyetablering i Kleivi. Tomtestorleik frå 3 mål og oppover.
Kleivi Næringspark ligg inntil RV7 som er hovudferdselsåra mellom Bergen og Oslo gjennom Hallingdal.

Bilde av Kleivi næringspark
Foto: Magne Ove Furuseth