Grønn energi, sentralt i Norge.

 
Er du oppteken av grønn energi og miljø så bør du sjekke nærare ut Kleivi næringspark.  Gjennom fjernvarmeanlegget frå Hallingdal renovasjon får du energi som er produsert ved brenning av avfall og som du kan nytte vidare til din produksjon.  Energiprisen er bygd opp slik at du betaler svært rimelege dei fyrste etableringsåra og så stig prisen i trappetrinn fram til makspris etter 7 år. Makspris pr i dag er 25 øre Kwh, startpris 12,5 øre Kwh. Systemet er under vurdering.
Grønn energi blir også produsert hjå Hallingdal trepellets as som er ei av bedriftene i Kleivi. Denne energien kan brukast vidare i mange ulike prosessar, prisen er her 24 øre Kwh levert Kleivi.
Fjernvarmeanlegget blir lagt av Hallingdal renovasjon fram til varmevekslaren i di bedrift -. Du betaler for bruken av energien. Kontakt Hallingdal renovasjon for fleire opplysningar.


Kleivi næringspark er plassert heilt sentralt i Sør – Norge.  Så så seia midt mellom dei to største byane våre, Oslo og Bergen og med gode vegsamband mot vest på Rv 50 og Rv 7 og mot Oslo/Drammen ved Rv. 7.  Det er også relativt kort avstand til Kongsberg på Rv 40 og over til Valdresregionen på Rv 51.

Kart fra gulesider.