Handlingsregler ved salg av tomter i Kleivi Næringspark

 

Du som er interessert i å kjøpe tomt i Kleivi Næringspark bør lesa dei punkta som står her godt slik at du blir godt kjent med kva næringsparken bidreg med og du som kjøpar må ha i orden ved kjøp av tomt i Kleivi Næringspark.

Dersom du har spørsmål kontaktar du dagleg leiar Kristian Holm på tlf.46 93 99 84 eller på e-post: post@kleivi.no. Alternativt kan du kontakte styreleiar Knut Medhus, Hol på tlf. 48 15 00 55. 

Velkomen som interessent!

 

A: Salskriteria:

1. Ledige tomter blir annonsert på nettsida www.kleivi.no, på kommunale nettstader for Ål og Hol kommunar, lokalavisa og eventuelle nasjonale medium.

2. Styret i Kleivi Næringspark fastset prisen for tomter. Prisen er for tida (apr. 2012) kr.120,- pr.m². Seljar syter for infrastruktur som veg(Kleivi Næringspark), vatn(Ål kommune), avlaup(Ål kommune), elektrisitet(Hallingdal Kraftnett AS), tele og breiband fram til avtalt koplingspunkt i samsvar med prosjektplanen for infrastruktur utarbeidd av Asplan Viak.
Kjøpar må søke dei ulike leverandørane om tilkopling i samsvar med dei tekniske og administrative krav som gjeld til ei kvar tid.  Tilkoplingsgebyr/tilknytingsavgifter kjem i tillegg til tomteprisen.

3.Dersom det melder seg fleire interesserte til same tomta skal styret prioritere ut frå kva som er mest i samsvar med næringsparken sitt mål om å skapa varige arbeidsplassar og prioriterte bransjar, jfr. prosjekt Nye Kleivi –”grøn og sterk”.

4. Dersom kjøpar ynskjer å inngå samarbeid med entreprenør for å ta ut dei massane som skal ut av tomta, skal omfanget godkjennast av Ål kommune. Dersom det er ledig areal til det innanfor det området Kleivi Næringspark disponerer, kan næringsparken leige bort areal etter nærare avtale for mellomlagring av massar. Masseuttaksavtalar skal ha klare tidsavgrensingar og kunne vare inntil to år frå kjøpekontrakten er signert. etter avtale med Kleivi Næringspark.

5. Dersom det er aktuelt å inngå avtaler mellom entreprenørar og Kleivi Næringspark om uttak av steinmassar på tomter, skal dette lysast ut. Slike avtaler skal ha kort varigheit, maksimalt to år.

6. Tomteområdet må sjåast under eitt og difor må uttak i tomtene tilpassast kvarandre så godt som mogleg.

7. Kjøpar forpliktar seg til å utarbeide landskapspleieplan for tomta. Den skal godkjennast av styret for Kleivi Næringspark som og fastset frist for ferdigstilling av planen. Kjøpar forpliktar seg til å medverke til eit godt samarbeid med andre bedrifter i Kleivi Næringspark og gjennom dette bidra til at Kleivi blir ein samarbeidets næringspark.

8. Det er tilknytingsplikt til vassforsyninga som Kleivi Næringspark driv (Ål kommune frå 2013), tilknyting til annan infrastruktur er styrt av leverandørane av dei einskilde tenestene. For prosessvatn kan private ordningar avtalast særskilt med Kleivi Næringspark.

9. Kjøparen overtek eigedomen etter underskriven kjøpekontrakt. Kleivi Næringspark har forkjøpsrett til tomt eller delar av tomt dersom godkjent bygningsmasse ikkje er teken i bruk innan 2 år til det formålet som er avtalt mellom kjøpar og næringsparken.

10. Kjøpar si undersøkingsplikt. Kjøpar kan ikkje gjera gjeldande som mangel noko han kjente til eller burde kjenne til då avtale vart inngått. Kjøpar har høve til å gjere alle dei undersøkingar med omsyn til eigedomens tilstand som han finn nødvendig. Har kjøparen før avtalen vart inngått undersøkt eigedomen, eller utan rimeleg grunn late vera å følje ei oppfordring frå seljar om å gjennomføre ei undersøking, kan kjøparen heller ikkje gjera gjeldande som mangel noko han burde ha blitt kjent med ved undersøkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren har vore grovt aktlaus, uærleg eller elles handla i strid med god tru. Kjøpar er ansvarleg for å gjere seg kjent med gjeldande reguleringsføresegner og blir oppmoda til sjølv å ta kontakt med kommunen dersom noko er uklart.

11. Desse kriteria gjeld frå dags dato og til nye kriterium er vedtatt i styret.

 

Revidert på styremøtet den 11.06.2012