Historia om Kleivi Næringspark

 
Gammelt bilde av Øyne i Kleivi


Den fyrste ”industrien” her starta i 1930 åra då Kristi Øyn i det vesle huset sitt produserte heimelaga drops i gilde fargar som ho så for omkring på sykkel og selde på gardane i Hol og Ål.
Den moderne næringsparken si soge starta i 1970 og er eit resultat av framsynte lokalpolitikarar som gjennom kloke beslutningar og godt samarbeid med fylkeskommunale og statlege styresmakter fekk skapt nye arbeidsplassar i eit område som i lang tid hadde levd høgt på anleggsarbeid under Holsanlegga frå 1947 og seinare Usteanlegga. Då var det opptil 1200 mann i arbeid her samtidig.
Anlegga slutta i 1966-67. Att sto bygdene her med eit landbruk som var i ferd med å bli mekanisert og trengde mykje mindre arbeidskraft enn tidlegare, turistbedriftene var sesongdrivne og straumen av folk til byane var svært stor og sterk. Industri var nesten eit framandord med unntak av t.d. knivindustrien på Geilo.

Staten forma ut DU i 1962 – ein reidskap for å stimulere til å flytte produksjon frå overfylte områder i byane til distrikta. I 1968 kom SIVA – PBL kom med krav om regionalplanlegging og Hallingdal fekk som fyrste region i landet sin regionplan sist på 60 talet.

Kleivi var tidlegare eit område med nokre småbruk, slåtter og to elveløp. Anleggsarbeidet her hadde ført til at eine elveløpet var fylt opp med tunnellmasse og 27. november 1968 møttest ordførar Osvald Medhus i Hol og hans gode venn Paul Breiehagen frå Ål og ideen om Kleivi industrianlegg var skapt. Ordføraren Storedal frå Ål kom raskt med i arbeidet, og i løpet av ein månad, april 1970 var alle nødvendige vedtak gjort og samarbeidsprosjektet mellom Hol og Ål kommunar var ein realitet. Det offentlege kan arbeide raskt.

To industribygg vart bygd, eit på 1000 m2 som vart leigd bort til bedrifta Møllen og eit som erstatta ein gamal Romneyhall som Hallingplast hadde leigd, og som var brunne ned.

Det hadde under førebuingane vore svært tett kontakt med SIVA, og dei kom på synfaring hit 15,. mai 1970. Ideen om ein mini SIVA anlegg her vart akseptert av SIVA,  og dagen før veslejuleeftan 1970 bestemte kommunalminister Helge Seip at her skulle bli SIVA anlegg.

Registering av interessert arbeidskraft viste  i 1975 at 303 var interessert i arbeid i Kleivi. Mange flytte attende frå byen til bygdene her fordi det endeleg var arbeid å få, og mange nye kom med bedriftene som flytta hit.
Kleivi i fase 1 besto av desse bedriftene:L
Møllen, som leverte komponentar til skipsindustrien.
Hallingplast, som hadde tjuvstarta her i 1968 i leigd hall – dei er framleis her og er eit eventyr av ei bedrift.
Langeland trevarefabrikk som produserte dører.
Den Norske remfabrikk – Mehren Rubber – flytta til Askim
Jøli Safe – Jørgen S Lien frå Bergen – no flytta til Sverige
Hallingdal industrier – verna bedrift –seinare Valdres vaskeri – flytta til Gjøvik.

Det var ein del uro i ein periode sist på 1980 talet då dei tilflytta bedriftene anten gjekk konkurs eller flytta til andre deler av landet eller utlandet. Ein del av bedriftene som var komne hit hadde nok diverse problem med seg på lasset og desse kom etterkvart fram. Pessimisme rådde – men den er snudd.

Kleivi i dag er kort fortalt dette:

Hallingdal renovasjon sitt forbrenningsanlegg som produserer fjernvarme som eit resultat av forbrenning av søppel og som er avgjerande viktig leverandør av energi til andre bedrifter i området.
Hallingdal trepellets – verdens fyrste fabrikk som lagar trepellets  - bioenergi – direkte frå rund tømmerstokk og ikkje av avfall.
Nor Mec – fremst i verden innan skøyting av gummilister til bilindustri og automatisering av bl.a. bakeprosessar.
Hallingplast – leverandør av ulike produkt til alle verdsdeler
Norsk byggekunst – tømmerhytter i øverste pris – og kvalitetsklasse.

Mindre bedrifter er MESTA med sin sandsilo, kuldeentrepenør Terje Skifte og Buskerud fyr og flamme med diesel og fyringsolje.

Kleivi næringspark i dag er eit område med mange svært kreative og innovative bedrifter som har heile verden som marknad her dei er etablert midt i Sør – Norge.  Næringsparken blir leia av eit styre på 5 personar, kommunane dekker eventuelle underskot og ny reguleringsplan som opnar godt 200 dekar med nytt næringsareal i området er vedteken mai 08.