Hallingdal Renovasjon bygger ut for 45 millionar i 2010-2011

 

RenovasjonsanleggetStyret har gått inn for at det blir gjennomført ei ombygging av noverande forbrenningsomn, som gjer at han vil få utvida levetid på 20 til 25 år.
I tillegg er det planen å bygge eit anlegg som skal brenne flisa som blir av bygningsavfallet. På denne måten vil ein blant anna sikre sikker leveranse av fjernvarme til bedriftene i Kleivi og også sleppe å køyre flis til Sverige og andre stader for brenning.

 

Finansieringa av ombygging må til eigarkommunane for godkjenning utover vinteren, og dersom alt går på skinner, vil arbeidet ta til seinsommaren 2010 og vera fullført i løpet av hausten. Representantskapet skal behandle saka 2.12.09.